Søre Neset Idrettslag startar opp fotballtrening for G/J 2019 – måndagar kl. 17-18.00.
Første trening er måndag 16.september
- Adressa: Halhjemsmarka 52, 5208 Os.
- Innmelding, bruk spondgruppekode: GUPXR
eller berre møt opp på måndag 16/9. - Last ned infoskriv her eller se under for meir informasjon
Trening
Jentene og gutane kjem til å trene i lag ( i alle fall i starten), der vi kjem til å sette opp 2 stk 3er baner for kvar trening. Dette tar ikkje meir enn 10-15 min dersom man er fleire, så oppmodar alle som har moglegheit å stille litt før og hjelpe til med dette. Banane må òg demonterast etter trening, då det kjem
andre lag som brukar heile banen.
Utstyr
Ein treng berre treningsklede, fotballsko (anbefalt med lave knotter) og leggskinn (gjerne med fotballsokker til å halde leggskinna på plass).
Kontingent
- Medlemskontingent for 2024: 350kr
– må betalast for å ha forsikring, stemmerett osv
- Treningsavgift hausten 2024: 350kr
– for å dekke innkjøp av utstyr til gjengen; fotballer, kjegler, vester osv
Inkluderingsfond
Klubben har òg eit inkluderingsfond som, for dei som treng det, kan hjelpe med å dekke kostnader. Ta kontakt, så finn vi ei løysing på det.
Dersom ein har spørsmål er det berre å ta kontakt med Frank Haugland på mobil 90855354 eller send mail til ffo@snil.no. Vi ønsker alle hjertelig velkommen!