Tine fotballskule på Halhjem 12., 13., 15. og 16. august 2024 (4 dager)

Då er påmeldinga open for årets andre (og siste) TINE Fotballskule.

Det blir fotballskule måndag 12/8, tysdag 13/8, torsdag 15/8 og fredag 
16/8. Onsdagen blir kviledag/restitusjonsdag for alle 😎

I juni hadde vi nærare 100 fotballglade born, som er maksgrense på 
fotballskulen. Kva om vi også denne gongen får til noko av det samme?!

Her er link til meir info og påmelding: 
https://www.letsreg.com/no/event/sore_neset_tine_fotballskule_august_2024_12082024

Ta kontakt med Frank (90855354, ffo@snil.no) om det skulle vere noko.