SNIL Vinter Fotball 26. – 28. februar 2024

No er det berre 1,5 måned til vinterferien og i den forbindelse kjem vi (sjølvsagt) til å ha ein fotballskule på Halhjem; SNIL Vinter Fotball 26. – 28. feb 2024.

Det blir 3 dagar med mykje fotball-morro for alle som kjem, der vi vil vere både ute og inne (litt avhengig av været sjølvsagt) og alle får servert lunsj kvar dag.

Prisen er 749kr for alle 3 dagane, men dersom ein går på SNIL Telenor Xtra FFO får ein 50% rabatt. Dersom ein ikkje går på FFOen, men har vore på fotballskule på Halhjem i 2023, får ein 25% rabatt. Obs! rabatt-ordningane gjeld berre til og med 31. januar og berre for kjøp av 3 dagar.
For meir info og påmelding er det berre å trykke inn på linken her; https://www.letsreg.com/no/event/snil_vinter_fotball_26-28feb_2024_26022024

Dersom ein lurer på noko er det berre å ta kontakt med Frank Haugland på e-post: ffo@snil.no eller tlf: 90855354.

Sjåast på fotballbanen snart 🙂