SNIL Haustferie Fotball 9. – 11. oktober

Søre Neset IL inviterar til 3 fartsfylte dagar med mykje fotball og anna
kjekt frå måndag 9. oktober til og med onsdag 11. oktober. Her kan ein vere
med alle 3 dagane (til godt rabatterte prisar) eller berre ein eller to
dagar, det som passer best. Påmeldinga er open og godt i gong!

Vi har påmeldte allereie, men vi har sjølvsagt plass til mange fleire, så berre
å hive seg på.

Det blir mellom anna spel, leik og øvelsar for dei minste i våre flotte
nye 3er baner, quiz og skadla-gripa for alle, hoppeslott-stasjon (dei
dagane vêret spelar på lag), styrketrening, hurtighetstrening og
balansetrening. I tillegg til mange kjekke, og utfordrande konkurransar
og ikkje minst mange fotballøkter.

Alle får servert god og næringsrik lunsj kvar dag, i tillegg til frukt
og andre forfriskningar.

For meir info og påmelding er det berre å trykke på linken nedafor her.

https://www.deltager.no/event/snil_haustferie_fotball_2023_09102023