SNIL August fotball 14. – 16. august

Hei alle fotballspirer i klubben vår!

Då er årets TINE Fotballskule historie, der over 50 barn hadde det
utrulig kjekt i lag og fekk spela mykje fotball og ha mange leikar og
konkurransar. I år hadde vi ny rekord med 35% jenteandel 🙂

No ser nok dei fleste fram i mot sommarferie, med enda meir kjekt og
moro.

Før vi tar heilt ferie så er det mulig å melde på neste fotballskule
allereie i dag; SNIL August Fotball, som blir måndag 14. til og med
onsdag 16.august (skulane startar opp igjen torsdag 17.august). Dersom
dette er av interesse, så har vi denne gong ein Early Bird kampanje òg,
slik at dei 20 første påmeldte får 100kr i rabatt. Bruk kode: EB100.
OBS! gjelder berre for dei som kjøper alle 3 dagane og berre fram til
31.juli. Er allereie fleire påmeldte, så berre å hive seg rundt å melde
på.

Her er linken til meir info og påmelding:
https://www.deltager.no/event/snil_august_fotball_2023_14082023

Dersom det skulle vere noko, er det berre å ta kontakt på tlf eller
e-post.

Kontaktperson: Frank Haugland, tlf. 908 55 354 / e-post: ffo@snil.no