Jenteakademiet 2021/2022

Jenteakademiet 2021/2022

Søre Neset Idrettslag starter i november opp eit eige fotballakademi,
berre for jenter. Jenteakademiet er eit ekstra, gratis fotballtilbud til
alle treningsivrige jenter i alderen 9-13 år (født 2012-2008). Målet er
å gje eit fotballtilbud til alle jenter i Bjørnafjorden Kommune og Omegn
ein laurdag kvar månad i frå november 2021 til og med mars 2022 (etter
sesongslutt og fram til sesongstart).

Jenteakademiet vil vere eit tilbud, uavhengig av klubbtilhørighet, for
jenter som ønsker å trene litt ekstra, jobbe med å utvikle individuelle
ferdigheiter, samt å auke kompetanse på diverse fotballrelaterte
områder.

Det blir lagt opp til 6 laurdagssamlingar (sjå datoer nedanfor). Kvar
samling vil vare i ca. 2 timar, med ein liten fruktpause halvegs. Det
vil vere både kvinnlege og mannlege instruktørar på samlingane.

Det er pr. i dag ingen slike tilbud for jenter i nærleiken og vi vonar
at dette tilbudet kan føre til at fleire jenter ønsker å fortsette med å
spele fotball lengre. Jenteakademiet vil òg sørge for at mange jenter
vil knytte nye bekjentskap på kryss og tvers av både alder, geografi og
interesse. På sikt så vil nok fleire av dei bli nøydde til å måtte
skifte klubb dersom dei vil fortsette med fotball og da kan
forhåpentligvis dette akademiet føre til å overgangen blir enklare, då
dei allereie kjenner fleire jenter frå andre klubbar.

Det vil vere med ein eigen keepertrenar på nokre av samlingane òg. Meir
info i spondgruppa.

For påmelding, last ned Spond-appen og følg linken her;
https://group.spond.com/IKQUS

Stad: Halhjem Idrettsplass, Halhjemsmarka 52, 5208 Os

Dato og tid:
Samling 1: Laurdag 20.nov kl. 10-12 (oppmøte 30 min før)
Samling 2: Laurdag 18.des kl. 10-12 (oppmøte 15 min før)
Samling 3: Laurdag 22.jan kl. 10-12 (oppmøte 15 min før)
Samling 4: Laurdag 19.feb kl. 10-12 (oppmøte 15 min før)
Samling 5: Laurdag 19.mar kl. 10-12 (oppmøte 15 min før)
Samling 6: Laurdag  9.apr kl. 10-12 (oppmøte 15 min før)

Vi er heldige å ha fått med mange flotte sponsorar som alle er med å få
i gong dette spennande prosjektet i bygda;

– Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik AS
– MVAccounting AS
– H-Vinduet Magnor
– Sperrevik Elektro AS
– Picapoint Studio AS

I tillegg så har prosjektet fått støtte frå Ildsjelfondet til
Sparebanken Vest.

Vi er nesten fullbooka med 38 plassar av 40 moglege tatt for denne
sesongen, så meld på snarest om dette er av interesse. Om ein ikkje kjem
med som dei 40 første, så det er berre å melde seg inn i spondgruppa
uansett. Så vil ein få moglegheit å kome på samlingar dersom det vert
avmeldingar, eller det vert mogleg å opne opp for fleire deltakarar på
nokre av samlingane.

Dersom spørsmål eller kommentarer, ta kontakt med Frank Haugland på
mobil: 90855354 eller send mail til: ffo@snil.no