Første samling med Jenteakademiet

Laurdag 20. november kom 25 spente og håpefulle jenter til Halhjem
Idrettsplass for å vere med på første samling med Jenteakademiet. Etter
innsjekk, med utdeling av kvar si eigen Jenteakademiet-drakt, var
jentene klare på treningsfeltet.

«Fokuset vi hadde på denne første samlinga var hurtigheit, første touch
og possession», seier Dorthe Tangen Haugland. Ho arbeidar måndag-fredag
på Søre Neset FFO & Akademi og er ein av instruktørane på
Jenteakademiet. Frank Haugland (SNIL FFO-Ansvarleg) og Morten Asphaug
(SNIL FFO instruktør og keeper-trenar) er òg med som instruktørar på
Jenteakademiet.

«Mange av jentene hadde allereie gjort ein del av øvelsane frå før,
særskild dei som går på FFO og akademi, både hjå oss her på Søre Neset,
samt i andre klubbar i nærområdet. For nokre av dei så vart det nok ein
del nytt, men alle spelarane hadde maks innsats og ståpå-vilje og
utfordringane vart teken på strak arm. Vi gleder oss alle til
fortsetjinga!», fortel Dorthe vidare.

Det er allereie over 40 jenter frå dei fleste klubbane i bygda som har
meld seg inn i spondgruppa til Jenteakademiet, og det er plass til mange
fleire. For påmelding, last ned Spond-appen og følg linken her;
https://group.spond.com/IKQUS

Neste samling er laurdag 18. desember frå kl.10-12, med eigen
keeper-trening til dei som ynskjer det.

Jenteakademiet vil gi ein stor takk til alle sponsorar som er med å få
gjennomført dette spennande prosjektet;

– Norgeshus Byggmester Kjell Aarvik AS
– MVAccounting AS
– H-Vinduet Magnor
– Sperrevik Elektro AS
– Picapoint Studio AS
– Sparebanken Vest/Ildsjelfondet

Uten denne støtta hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføra
Jenteakademiet på ein slik god måte!